Slik opplevde Kathrine det å starte i ny jobb

Korleis er det å vere ny i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta? Kathrine fortel om korleis det var for ho.

Bilde av Kathrine Nasvik. Foto: Cecilie Bannow.

Kathrine er utdanna jurist og begynte hos oss våren 2021, i sitt siste studieår. Ho søkte seg hit fordi skjeringspunktet mellom juss og medisin verka spennande og fordi ho likar godt erstatningsrett.

Ein må vere ferdig utdanna for å bli saksbehandlar, og ho begynte difor som saksutgreiar der ho henta inn nye opplysningar og journalar frå fastlege, skattekontor og NAV.

No er ho saksbehandlar på pasientskadeavdeling 1 og del av eit team som jobbar spesielt med nevrologi og hjartesaker.

– Dette er min fyrste jobb innan juss, så oppstarten var ekstra spennande. Eg begynte i full stilling, midt i eksamensperioden, så det var hektisk. Samtidig følte eg at eg fekk praksis i studiane, sidan eg studerte velferdsrett der ein møter mange av dei same prinsippa som her, fortel Kathrine.

– God opplæring

Som nytilsett gjekk ho rett inn i eit opplæringsprogram.

– Det var ein veldig bra velkomst. Alt var godt organisert, og vi fekk god opplæring og omvising. Vi som er saksbehandlarar fekk introduksjon til alt frå korleis ein bør rette seg mot dei som sender ei klagesak til korleis ein brukar saksbehandlingssystemet, fortel Kathrine.

Etter introduksjonsperioden får ein framleis tett oppfølging vidare frå leiarar og andre på avdelinga.

– Eg fekk heldigvis masse hjelp og støtte, mellom anna frå fadderen min. Det er greitt å ha ein bestemt person ein kan spørje, sjølv om eg uansett alltid har kjent at her kan eg reise meg og spørje kven som helst.

Utvida fadderordning

For saksbehandlarane strekker fadderordninga seg utover oppstarten, og fadder er ikkje berre noko ein har som nytilsett, fortel Kathrine.

– Du kan trenge ein fadder dersom du begynner å jobbe med ein ny sakstype, eller av andre grunnar. Sjølv om eg har jobba her i 8 månader, er det alltid ting eg lurer på.

Fadrane er også ei god støtte når ein skal møte nemnda for første gong. Som ny kan det vere nervepirrande å skulle skrive innstilling for nemnda, men då har ein heldigvis ein fadder som ser på saka først, seier Kathrine.

– Som nytilsett får ein alltid ei andre vurdering på det ein skriv, før saka skal til behandling i nemnda. Fadrane er heller ikkje berre ei fagleg støtte, men også ein bonusvenn i starten. Då eg starta opp var eg så heldig at fadderen min sat rett i nærleiken av meg, så det var lett å ta ein kaffi og ete lunsj ilag.

Teamet ho er del av har også møter kvar veke, der dei oppdaterer kvarandre på saker, stiller spørsmål og kjem med innspel.

– Alle på teamet sit med same typar saker, og det gjer at terskelen for å spørje andre om hjelp, er låg. Eg tykkjer det er veldig fint å jobbe slik som vi gjer. Vi sit ikkje på kvar vår tue og held på med eigne ting, men ønskjer å hjelpe kvarandre.

Frå student til arbeidslivet

Korleis var det å gå frå universitetet til å begynne i jobb?

– Det var ikkje ein veldig hard overgang, men eg blei litt ekstra sliten. Som student sit ein mykje i gruppearbeid og pratar. På jobb er det meir stasjonært og ein må hugse på å ta pausar sjølv. Då er det fint at vi har fleksitid. Nokre dagar er du i flyten og kan skrive og jobbe lenge, andre dagar er ein sliten og då kan ein gå tidlegare. Det gjorde overgangen mjukare for meg.

Kathrine har eit tips til studentar som ønsker eit innblikk i korleis det er å jobbe som saksbehandlar hos oss.

– Service- og dokumentsenteret vårt hentar inn dokument i sakene og anonymiserer vedtak. Då får ein sjå korleis saksbehandlarar skriv og jobbar. Viss du er nysgjerrig på saksområda våre, kan du søke deg dit som student eller til ein sommarjobb. Det er gull for ein jusstudent å få eit sånt innblikk i korleis det er å jobbe her.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring