– Det gode arbeidsmiljøet er engasjerande

Hedda er lærling på Service- og dokumentsenteret. Ho tykkjer det er motiverande å få innblikk i ulike arbeidsfelt kvar dag på jobb.

Hedda har jobba som lærling på Service- og dokumentsenteret i over eit år. For henne har det gode arbeidsmiljøet vore viktig.

– Det er eit veldig godt miljø her. Eg trur ikkje eg kunne komme til ein betre plass. Alle er imøtekommande uansett kva avdeling dei jobbar i.

– Eg har veldig varierte arbeidsdagar

Hedda gjer sjeldan det same kvar dag. Tre dagar i veka sit ho halve dagen i sentralbordet og snakkar med brukarar. Når ho ikkje er der, jobbar ho med ulike arbeidsoppgåver, som mellom anna dokumentbehandling for saksbehandlarane, hentar posten eller utfører serviceoppgåver som å bestilla nye varer og tenester.

– Eg lærer ikkje berre dokumentbehandling sjølv om eg er på Service- og dokumentsenteret. Me har mange ulik oppgåver på avdelinga, og det er det beste med jobben!

Som lærling følgjer ho ein intern opplæringsplan gitt av fylkeskommunen.

– Ut frå planen finn me oppgåver innan dei ulike fagområda me skal gjennom  dei to åra eg er i lære. Dette er oppgåver innan mellom anna HR, økonomi, personvern og dokumentbehandling. Så eg gjer veldig mykje ulikt kvar dag ut frå kompetansemåla.

Lærer noko nytt kvar dag

I tillegg til eit godt arbeidsmiljø og ein variert kvardag tykkjer Hedda det er engasjerande å utvikla seg på fleire fagfelt.

– Eg lærer så mykje om dei ulike fagområda, og det er ikkje éin dag eg ikkje lærer noko nytt – mykje fordi eg er lærling og skal innom mange kompetansemål. Når eg til dømes førebur dokument til saksbehandlarane, er det mange lover og reglar eg er nøydd til å ta omsyn til. Det er veldig spennande.

Kva vil du seia til dei som ønskjer å søkja seg hit?

– Eg vil tilrå denne arbeidsplassen fordi det er eit så godt arbeidsmiljø! Du lærer noko nytt kvar dag, og det er spennande å sjå korleis den offentlege etaten opererer i praksis og ikkje berre i teorien, også samanlikna med den private sektoren.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring