– Det er eit godt fagleg miljø med tyngd

Mari er juridisk seniorrådgivar hos Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Ho synest det beste med jobben er kollegaene sine og moglegheita til å jobba med ulike saksområde. 

Mari er juridisk seniorrådgivar hos Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Ho synest det beste med jobben er kollegaene sine og moglegheita til å jobba med ulike saksområde. 

Mari har jobba hos oss på helserettsavdelinga sidan 2019. Her greier ho ut klager frå ulike instansar, går gjennom tilhøyrande dokumentasjon, vurderer saker opp mot regelverket og fattar vedtak.

– På avdelinga mi er det flest klagesaker som gjeld vedtak fatta av Helfo. Dette gjeld som oftast søknader om refusjon av helseutgifter, typisk utgifter til legemiddel som folk ønskjer å få på blå resept. Me har også mange saker der folk har søkt om å få refundert utgifter for behandling i utlandet.

Helserettsavdelinga jobbar også med kontrollsaker frå Helfo. Dersom Helfo ser eller får inn eit varsel om at helsepersonell har brukt takstane feil, kan dei be om å få refundert dei feil utbetalte takstane frå folketrygda. Dersom helsepersonellet er usamde med Helfo og klagar, vurderer Helfo saka på nytt. Dersom vedtaket blir halde oppe, blir klaga send til oss.

Helserettsavdelinga behandlar også klager på fleire saksområde som i førsteinstans blir forvalta av dei ulike helseføretaka. Til dømes behandlingsreiser som blir forvalta av Helse Sør-Øst ved Oslo universitetssjukehus.

– Personar som har visse diagnosar, som til dømes postpoliosyndrom, psoriasis eller barn med kronisk lungesjukdom, kan søkja om å få behandling i utlandet som eit supplement til behandlinga i Noreg. Dersom dei ikkje er fornøgd med avgjerda Oslo universitetssjukehus tek, kan dei klaga ho inn til oss.

Sekretariatet greier ut saker for nemndene

I tillegg til å fatta vedtak er helserettsavdelingen sekretariat for tre nemnder: Statens helsepersonellnemnd, Apotekklagenemnda og Klagenemnda for behandling i utlandet.

– Helsepersonellnemnda er størst. Viss eit helsepersonell som ønskjer autorisasjon eller lisens, ikkje er fornøgd med avgjerda Helsedirektoratet tek, kjem klaga til oss. Nemnda får også inn saker frå helsepersonell som klagar på mellom anna skriftlege åtvaringar, avgrensing eller tilbakekalling av autorisasjonen, lisensen eller ei spesialistgodkjenning.

– Me er sekretariat for nemnda. Det betyr at me får og greier ut sakene som nemnda skal behandla. Når me får ei klage, går me gjennom all dokumentasjon, skriv ei innstilling og legg det fram for nemnda. Det er nemnda sjølv som bestemmer kva resultatet blir, kva som skal stå i vedtaket og korleis vedtaket skal sjå ut.

Helserettsavdelingen har over 50 ulike saksområde

Helserettsavdelingen behandlar klager på fleire store og små område, mellom anna klagar frå utanlandske borgarar som er busette utanfor Noreg og som har søkt om å få dekt utgifter i spesialisthelsetenesta i Noreg, og klagar på vedtak frå Luftfartstilsynet som handlar om sertifisering av besetningsmedlemmer og flygeleiarar.

Med over 50 ulike saksområde på avdelinga er det ein variert arbeidskvardag.

– Ein vanleg arbeidsdag for meg byrjar litt roleg med ein kaffikopp, for klokka ni så smell det med møte og det som skal skje den dagen. Ingen dagar er like. Nokre dagar kan me sitja heile dagen og fordjupa oss i primæroppgåva me har i den perioden, medan andre dagar er det mange møte og planlegging, gjennomgang av kompliserte saker eller førebuingar av nemndmøte.

Avdelinga har også ofte kontakt med eksterne, og det er ikkje sjeldan nokon av dei tilsette held foredrag – både internt og eksternt.

– Me er eit stort helsefagleg juridisk miljø, og det er mange eksterne som ønskjer å nytta seg av denne kompetansen.

KF-los og nestleiar i Juristforbundet

Mari har også engasjert seg som KF-los, eller «kontinuerleg forbetringslos». Her jobbar ho med lean-metodikk.

– Tanken er at me skal prøva å få organisasjonen til å jobba så smart som mogleg. Me skal slanka bort, derav ordet «lean», det som er unødvendig støy eller sløseri. Me skal oppnå effektivitet, samtidig som me oppnår flyt. For å jobba med dette jobbar me med kontinuerleg forbetring som skal identifisera problema, og jobbar vidare ut frå dei. Dette er noko alle tilsette må vera med på, men det er nokon som må sørgja for at det skjer og minne på denne prosessen i kvar avdeling – og det er ein KF-los. Det er veldig spennande!

I tillegg er Mari tillitsval og nestleiar i tillitsvaldstyret for Juristforbundet i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Av ca. 180 tilsette er 130–140 juristar, og Juristforbundet er den største fagforeininga hos oss.

– Det er ein del arbeid, men det er veldig spennande og gøy å få lov til å representera medlemmene sine internt og sørgja for at våre interesser blir varetekne.

– Engasjerande å forvalta dei offentlege midlane

På jobb er det engasjerande for Mari å jobba med menneske og løysa problem. Ho kjenner på eit stort ansvar for å fordela midlane til folketrygda på rett måte, ut frå korleis lovgivar har bestemt at midlane skal fordelast.

– Det er veldig fint å få lov til å sjå når det blir gjort feil, rette opp i dei og sørgja for at folk får det dei har krav på. Og så er det sjølvsagt veldig leitt å gi avslag eller ikkje kunne gi folk det dei ønskjer. Men då må me hugsa på at me forvaltar fellesskapsmidla. Me har eit ansvar overfor alle at det blir rett, og at ikkje nokon får meir enn det dei har krav på. Men det er også sjølvsagt kjempeviktig at dei som har krav på noko, skal få det.

Kva vil du seia til folk som vurderer å søkja seg hit?

– Gjer det! Me har veldig mange spennande og ulike område ein kan få prøva seg på – me må ikkje stå fast på eitt saksområde heile livet. Det er ein fin arbeidsplass for juristar, om du kjem rett frå studia, er midt i livet eller mot slutten av arbeidskarrieren. Det passar for alle!

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring