Ny rekord i talet på behandla saker

2021 var vårt beste år til no. Vi behandla langt fleire saker enn vi fekk inn og har aldri før behandla så mange.

Tre smilende personer foran en tavle. Foto: Cecilie Bannow.

I 2021 mottok Nasjonalt klageorgan for helsetenesta 3966 saker og behandla 4841. 

Vi oppnådde gode resultat:

  • Vi reduserte talet på ubehandla klagesaker med nestan 900 saker.
  • Vi behandla det høgste talet saker nokosinne.
  • Vi behandla langt fleire saker enn vi fekk inn.

Vi har framleis lang saksbehandlingstid på pasientskadesaker og klagesaker frå Helfo, men behandlar stadig fleire saker på desse områda.

Bilete av ein graf som syner utviklinga frå mars 2018 til desember 2021 i det totale talet på saker som anten er under handsaming eller som ventar på handsaming.Grafen syner utviklinga frå mars 2018 til desember 2021 i det totale talet på saker som anten er under handsaming eller ventar på handsaming.

Har behandla det høgste talet pasientskadesaker sidan Pasientskadenemnda blei oppretta

I 2021 mottok vi 2069 pasientskadesaker og behandla 2671. For andre år på rad behandlar vi fleire saker enn vi får inn.

Vi behandla dobbelt så mange saker i 2021 som vi gjorde i 2017, og 28 % fleire saker enn i 2020. Talet på behandla saker er det høgste på eit år sidan Pasientskadenemnda blei oppretta i 2003.

Eit viktig mål for oss er å behandle dei eldste pasientskadesakene der klagarar dessverre har venta lenge på svar. I 2021 behandla vi fleire eldre saker. Dette er mellom anna eit resultat av at vi fekk ekstra midlar i 2021 til å auke bemanninga, seier konstituert direktør Hilde-Kristin Enehaug.

– Forutsetninga for at den gode utviklinga skal vedvare, og for at vi skal kunne løyse samfunnsoppdraget vårt, er at vi får midlar til å halde på denne bemanninga.

Bilete av ein graf som syner utviklinga frå februar 2018 til desember 2021i pasientskadesaker som er under handsaming eller ventar på handsaming.Grafen syner utviklinga frå februar 2018 til desember 2021i pasientskadesaker som er under handsaming eller ventar på handsaming.

Behandlar fleire Helfo-saker enn vi får inn

I 2021 mottok vi 1599 klagesaker frå Helfo og behandla 1845. Talet på behandla Helfo-saker er det høgste på eit år sidan vi tok over sakstypen i 2017.

Vi behandla 192 fleire Helfo-saker i 2021 enn i 2020. Det vil seie at vi har auka talet på behandla saker med 13 % samanlikna med 2020.

Sidan 2019 har vi behandla fleire Helfo-saker enn vi får inn. I 2021 reduserte vi talet på ubehandla saker med 242.

– Vi har også klart å behandle fleire av dei eldste sakene. Talet på Helfo-saker eldre enn to år, er redusert med 65 % prosent på eit år, seier Enehaug.

Bilete av ein graf som syner utviklinga frå mars 2018 til desember 2021 i talet på klagesaker frå Helfo som er under handsaming eller ventar på handsaming.Grafen syner utviklinga frå mars 2018 til desember 2021 i talet på klagesaker frå Helfo som er under handsaming eller ventar på handsaming.

Vi når målkravet i Statens helsepersonellnemnd​

Statens helsepersonellnemnd har hatt ein auke i talet på saker som ventar på behandling, men hadde ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på åtte månader ved utgangen av 2021. Dette er i samsvar med målkravet frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Auken i talet på ubehandla saker har mellom anna samanheng med at vi venta på avklaring frå domstolane i ELTE-sakene. Denne avklaringa kom hausten 2021, og arbeidet med desse sakene blei umiddelbart tatt opp att. Vi reknar med at dei siste ELTE-sakene blir behandla i løpet av fyrste kvartal 2022.

På dei øvrige saksområda har vi eit forholdsvis lågt tal på ubehandla saker. Vi behandlar sakene som kjem inn fortløpande.

188 stemningar i pasientskadesaker

Rettssaksavdelinga vår fører saker for retten på vegne av Pasientskadenemnda.

Vi mottok 188 nye stemningar i 2021. I 2020 var dette talet 133. Når Pasientskadenemnda behandlar fleire saker, aukar også talet på stemningar.

Totalt blei det avslutta 149 saker i 2021.

67 saker (45 % av stemningane) blei trekt. Den vanlegaste årsaka til at ei sak blir trekt før den kjem til rettssalen, er at sakkunnig konkluderer med at det ikkje har skjedd ei svikt i behandlinga pasienten har fått.

40 saker (27 % av stemningane) blei forlikt. Den viktigaste årsaka til forlik er at det kjem fram nye opplysningar som ikkje har vore kjent tidligare, eller at saka blir betre belyst under bevisføringa.

Talet på rettskraftige dommar i 2021 var 42. Pasientskadenemnda blei frikjent i 34 av desse sakene, det vil seie i 81 prosent av dei rettskraftige dommane.

Ni stemningar på helserettsområdet

I 2021 kom det ni stemningar på helserettsområdet. Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig i desse rettssakene, medan vi er partsrepresentant.

Seks stemningar kom inn på vedtak frå Statens helsepersonellnemnd, to stemningar kom inn på vedtak i klagesaker frå Helfo, og ei stemning kom inn på eit vedtak i ei forvaltningssak.

Totalt blei ti stemningar avslutta i 2021. Sju av desse sakene gjaldt vedtak frå Statens helsepersonellnemnd, to av dei gjaldt vedtak i forvaltningssaker og ei gjaldt eit vedtak i ei klagesak frå Helfo.

I desember 2020 var det 11 stemningar inne for retten, medan det i desember 2021 var åtte.

Høg aktivitet i alle avdelingar

Alle avdelingane har i 2021 gjort ein stor innsats for at vi skulle nå måla våre.

– Vi har klart å behandle mange av dei eldste sakene våre, sjølv om vi dessverre ikkje har klart å behandle ferdig alle. Samstundes har vi klart å halde oppe høg kvalitet i saksbehandlinga, seier konstituert direktør Hilde-Kristin Enehaug.

– Våre medarbeiderar har gjort ein solid jobb i 2021. Vi er stolte av at vi har behandla betydeleg fleire saker i år enn tidlegare, og at vi no har færre saker som ventar på behandling.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring