Ny forskrift om meinerstatning

Skal bidra til å sikre lik behandling og rett erstatning i pasientskadesakene. 

En legeforklarer og viser noe for en pasient. Foto: Mostphotos.

Erstatninga du får etter ein pasientskade får du delvis for økonomiske tap eller utlegg du har hatt. For eksempel kan du få erstatning for tapt inntekt viss skaden har gjort deg ufør.

Du kan også få erstatning viss skaden har ført til redusert livskvalitet. Denne forma for erstatning heiter meinerstatning. Eit av vilkåra for å få meinerstatning er at du har fått ein stor og varig skade i medisinsk forstand – eit mein.

Ny tabell tilpassa pasientskadar

For å vurdere om du har fått eit slikt medisinsk mein, brukar vi ein tabell som syner kor stort mein ein får ved ulike skadar.

Tidlegare har det ikkje funnest ein eigen tabell for pasientskadesaker, og ein har difor brukt ein tabell som er utforma for yrkesskadesaker.

Tabellen ein brukte før har i lita grad blitt oppdatert, og har manglar når det gjeld skadar som kan oppstå ved pasientbehandling. Dette er årsaka til at det no er vedteke ei ny forskrift om meinerstatning, tilpassa pasientskadesaker.

Endringar på fleire medisinske område

Den nye forskrifta er delt inn i tre delar. I del ein finn du dei grunnleggande vilkåra for å få meinerstatning etter ein pasientskade. I del to og del tre finn du dei nye tabellane som syner kor stort medisinsk mein ein får ved ulike skadar.

Ein del av det som står i tabellane ein brukte før, er tatt med inn i dei nye tabellane. Det nye er endringar innan dei medisinske områda som har å gjere med fordøyinga, kvinnelege og mannlege kjønnsorgan, urinrøyr, hjarte og lunge, smerte og cerebral parese.

Skal sikre lik behandling

Målet med den nye forskrifta er at den skal bidra til lik og føreseieleg behandling i pasientskadesakene. Den nye forskrifta skal også sikre at erstatninga blir utmålt basert på oppdatert medisinsk kunnskap.

Den nye forskrifta tredde i kraft 15. mars 2021, og gjeld for pasientskadesaker som er meldt til Norsk pasientskadeerstatning etter denne datoen.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring