Maren Sørensen Thorsen har fått masterstipendet for våren 2023

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har gitt masterstipendet for våren 2023 til Maren Sørensen Thorsen. Problemstillinga ho har valt handlar om helsekrav til førarkort i norsk rett samanlikna med EØS-retten.

En person skriver på en bærbar PC. Et paragraftegn står ved siden av PC-en. Foto: Mostphotos.

Maren studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og skal skriva masteroppgåva dei to neste semestera.

– Takk for tildelinga av masterstipendet og moglegheita for fagleg rettleiing og skriveplass! Det er stas, og eg ser fram til eit godt samarbeid, sa Maren då ho fekk vita at ho vart tildelt masterstipendet.

Ønskjer å sjå om helsekrava i norsk rett er i strid med EØS-retten

Målet med oppgåva er å gi eit større innblikk og forståing for dei ulike rettskjeldene ein jurist må ta omsyn til ved tolkinga av problemstillingar som er i grenseområdet mellom trygderett og EØS-rett.

– Eg ønskjer å sjå om dispensasjonsvurderinga for helsekrava til syn blir tolka i strid med EU/EØS-regelverket. Eg valde denne problemstillinga etter praktikantopphaldet mitt i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, der eg jobba med problemstillingar knytt til EØS. Eg har ei stor interesse for EØS-retten sett i samanheng med norsk rett, noko som har komme gradvis gjennom jobb i NAV, studietida og praktikantopphald hos dykk. Eg har sett viktigheita av å sjå regelverka i samanheng, og ønskte å utforska det vidare, seier Maren.

Fordi oppgåva er kompleks og det er mykje å fordjupa seg i, vart Maren og rettleiaren hennar ved universitetet samde om å auka oppgåva frå 30 til 60 studiepoeng.

– Ved å bruka eit heilt år på oppgåva, og ikkje berre eit halvt, vil ho bli meir utfyllande og få større fagleg tyngd. Dette blir eit spennande år, eg gler meg til å ta fatt på oppgåva!

Me ønskjer Maren lykke til med skrivinga og gler oss til å hjelpa henne på vegen!

Skal du skriva masteroppgåve hausten 2023?

Fristen for å søkje om masterstipendet for hausten 2023 er 30. mai.

Les meir om masterstipendordninga og forslag til aktuelle problemstillingar

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring