Høyring: Samanslåing av frikort eigendelstak 1 og 2

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt forslag om å slå saman eigendelstak 1 og 2. Målet med endringane er å forenkla skjermingsordninga for brukarane og forenkla Helfo sin administrasjon av ordninga.

En skranke med en kortterminal. Foto: Mostphotos

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er klageinstans i saker som gjeld eigendelstak 1 og 2 etter folketrygdlova § 5-3, jf. føreskrift om eigendelstak 1 og føreskrift om eigendelstak 2. Vi er òg klageinstans i saker som gjeld dekning av utgifter til helsetenester i utlandet, jf. folketrygdlova § 5-24, jf. føreskrift om utvida stønad til helsetenester under opphald i utlandet og føreskrift om stønad til dekning av utgifter til helsetenester i utlandet.

Her kan du lese heile høyringssvaret vårt

Bakgrunn for høyringa

Det i dag to ulike skjermingsordningar for utgifter til helsetenester, jf. folketrygdlova § 5-3:

  • frikort eigendelstak 1
  • frikort eigendelstak 2

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår at eigendelstaka skal slås saman og at det vert innført eitt frikort. Departementet foreslår òg å slå samane dagens føreskrifter til ei.

Målet med endringane er å forenkla skjermingsordninga for brukarane og forenkla Helfo sin administrasjon av ordninga.

Høyring: Samanslåing av frikort eigendelstak 1 og 2

 

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern