Høyring: Behandling av teiepliktige opplysningar i forvaltninga

Justis- og beredskapsdepartementet har laga utkast til rettleiar om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett i forvaltninga. Me meiner rettleiaren kunne vore endå meir omfattande.

Målet med rettleiaren er å sørge for at viktig informasjon blir delt mellom offentlege etatar. For eksempel i saker om barn og unge, og i saker om radikalisering.

Rettleiaren skal få fram når ein har plikt eller rett til å dele opplysningar som i utgangspunktet er omfatta av teieplikta, og skal kunne brukast av personar utan juridisk bakgrunn. 

Høyring: Utkast til rettleiar om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett i forvaltninga

Har sendt høyringssvar

Me meiner det er behov for ein slik rettleiar. Grensene for teieplikta er ofte vanskelege å trekke opp og konsekvensane av å bryte regelverket kan vere alvorlege.

Me meiner initiativet er godt, og at strukturen på dokumentet er god og oversiktleg. Me meiner likevel rettleiaren kunne vore endå meir omfattande. Dette utdjupar me i høyringssvaret vårt.

Les høyringsvaret

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern