Høyring: Heimel til å fastsetje kapitaliseringsrenta ved utmåling av personskadeerstatning i forskrift

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag til endring i skadeserstatningslova § 3-9. Formålet er å gi heimel til å fastsetje ei kapitaliseringsrente ved utmåling av personskadeerstatning i forskrift.

Prosenttegn som står foran en blå vegg. Foto: Mostphotos.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er blant anna sekretariat for Pasientskadenemnda, som behandlar klager på vedtak frå Norsk pasientskadeerstatning.

Her kan du lese høyringssvaret vårt om kapitaliseringsrente

Bakgrunnen for høyringa

Kapitaliseringsrente blir brukt for å berekne noverdien av erstatning for framtidige tap der erstatningsbeløpet blir utmålt som eit eingangsbeløp. Størrelsen på renta har betydning for det nominelle eingangsbeløpet som utbetalast til skadelidaren til dekning for framtidige tap, framtidige utgifter og som méinerstatning.

Rentesatsen er i dag fastsett ved dom. Forslaget går ut på å gi ein forskriftsheimel som gjer det mogleg å fastsetje renta i forskrift.

Høyring: Heimel til å fastsetje kapitaliseringsrenta ved utmåling av personskadeerstatning i forskrift

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring