Høyring: Forslag til ny forvaltningslov

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring Forvaltningslovutvalet si utgreiing NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov. I utgreiinga foreslår dei ei ny forvaltningslov som skal erstatte gjeldande lov frå 1967.

Et tastatur der Enter er byttet ut med et paragraftegn. Foto: Mostphotos.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er ein statleg etat under Helse- og omsorgsdepartementet. Me er sekretariat for fem nemnder:

  • Pasientskadenemnda
  • Statens helsepersonellnemnd
  • Klagenemnda for behandling i utlandet
  • Preimplantasjonsdiagnostikknemnda
  • Apotekklagenemnda

I tillegg behandlar me klagesaker frå Helfo, Helsedirektoratet, Fylkesmannen, dei regionale helseføretaka, Oslo universitetssjukehus og Luftfartstilsynet.

Her kan du lese vårt høyringssvar til forslaget om ny lov

Bakgrunnen for høyringa

Forvaltningslovutvalet blei oppnemnt for å foreta ein samla gjennomgang av gjeldande forvaltningslov og tilgrensa ulovfesta forvaltningsrett. Utvalet blei bedt om å utarbeide ei forståeleg og praktikabel lov som tek vare på rettsstryggleiken og tilliten til forvaltninga, og samtidig legg til rette for ei god og effektiv saksbehandling.

Justisdepartementet sende utvalet sitt forslag på høyring med frist 2. desember 2019.

Høyring: NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring