Høyring: Forslag til lovendring vil avgrense helsepersonellnemnda si uavhengigheit

Helse- og omsorgsdepartementet vil endre helsepersonellova. Me er ueinige i forslaget frå departementet.

En person holder Norges lover under armen. Foto: Ådne Sinnes.

Helse- og omsorgsdepartementet har føreslått ei endring i helsepersonellova § 71.

Endringa inneber at departementet skal kunne overta utøvinga av staten si partsstilling, når Statens helsepersonellnemnd sine vedtak blir bringa inn for domstolane.

Den føreslegne lovendringa vil innebere ei markert endring av gjeldande praksis, ved at departementet skal involverast i rettsprosessane.

Statens helsepersonellnemnd er ei uavhengig klagenemnd som ikkje kan instruerast

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta meiner forslaget inneber ei avgrensing i helsepersonellnemnda si uavhengigheit.

Vi er ueinige i at uavhengigheita skal avgrensast ved at departementet overtek partsstillinga ved søksmål. Departementet har ansvar for å utarbeide lovforslag dersom det er behov for endringar i regelverket. Nemnda brukar gjeldande rett og fattar vedtak i enkeltsaker. Vi meiner nemnda bør ha ansvar for enkeltsakene, også i dei tilfella der dei blir bringa inn for domstolen.

Dersom departementet skal få heimel til å overta partsstillinga, meiner vi at det bør gå fram av ordlyden at bestemminga er meint som ei unntaksbestemming, og at det må bli oppgjeve meir konkret i kva tilfelle den kan brukast.

Les høyringssvaret vårt her

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring