4480 fekk svar på saka si i 2022

I 2022 fekk Nasjonalt klageorgan for helsetenesta 3709 klagar på vedtak og handsama 4480.

Tre personer foran en tavle, en skriver på tavlen. Foto: Cecilie Bannow.

Vi oppnådde fleire gode resultat i 2022:

  • Vi handsama fleire saker enn vi fekk inn.
  • Vi handsama fleire eldre saker.
  • Vi har færre saker som ventar på handsaming.

Det er framleis lang sakshandsamingstid på pasientskadesaker og nokre klagesaker frå Helfo. Noko av årsaka er at vi handsamar fleire eldre klagesaker på desse områda.

Vi reduserte talet på eldre pasientskadesaker

I 2022 fekk vi 2106 nye pasientskadeklagar og handsama 2723. For tredje år på rad handsama vi fleire saker enn vi fekk inn.

Vi avslutta fleire eldre saker der klagarar diverre har venta lenge på svar. Det er skilnad på sakshandsamingstida i klagesaker som gjeld avslag på erstatning og klagar som gjeld utmålinga av  erstatninga frå Norsk pasientskadeerstatning. I utmålingssaker er det mykje dokumentasjon som må hentast inn for å kunne rekne ut kva erstatning klagaren har rett på.

Vi forventar at vi i løpet av året skal kome ned på ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på 12 månadar i pasientskadesaker.

Handsamar fleire Helfo-saker enn vi får inn

Vi fekk inn 1269 klagar frå Helfo, 47 ankar til Trygderetten og sju gjenopptakssaker i 2022. Vi handsama totalt 1452 saker.

Klagesaker frå Helfo har ulik sakshandsamingstid då det er mange ulike sakstypar. Klagarane er både pasientar, helsepersonell og leverandørar.

Pasientar kan mellom anna klage på refusjon av utgifter som gjeld legemidlar, behandling i utlandet og tannsaker. Helsepersonell kan klage på vedtak som gjeld refusjonskrav (oppgjer), tilbakekreving av refusjonsutbetalingar og tap av retten til å praktisera på statens rekning. Leverandørar kan klage på vedtak som gjeld produkt- og prislista.

Vi nådde ikkje målkravet i Statens helsepersonellnemnd

Statens helsepersonellnemnd handsamar klagar på vedtak frå Helsedirektoratet (autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning) og Statens helsetilsyn (administrative reaksjonar).

Nemnda fekk 220 klagesaker i 2022 og handsama 181. Vi har ikkje klart å handsame like mange saker som vi fekk inn, og sakshandsamingstida har auka noko. Årsaka er mellom anna fordi vi hadde færre sakshandsamingsressursar i fyste halvår, og at det var ny samansetning av nemnda hausten 2022.

På dei andre saksområda våre handsamar vi klagesakene fortløpande.

207 stemningar i pasientskadesaker

Vi fører saker for retten på vegne av Pasientskadenemnda. Vi fekk 207 nye stemningar i 2022. I 2021 var talet 188 og i 2020 var det 133 stemningar. Når Pasientskadenemnda handsamar fleire saker, aukar også talet på stemningar.  

Totalt blei det avslutta 164 saker i 2022. 82 saker blei trekt og 28 saker forlikt.

Den vanlegaste årsaka til at ein sak blir trekt før det kjem til rettssalen, er at medisinsk sakkunnig konkluderer med at det ikkje har skjedd ei svikt i behandlinga pasienten har fått. Årsaka til forlik er ofte at det kjem fram nye opplysningar som ikkje har vore kjent tidlegare, eller at saka blir betre opplyst under bevisføringa.

Talet på rettskraftige dommar var 39. Pasientskadenemnda blei frikjent i 22 av sakene. Dette er eit lågare tal enn tidlegare år, mellom anna då det var fleire utmålingssaker for retten i 2022. Det tek tid å handsama utmålingssaker, og difor er dei ofte endra når saka kjem opp for retten.

Tre stemningar på helserettsområdet

I 2022 kom det inn tre stemningar på helserettsområdet. I desse sakene er det regjeringsadvokaten som er prosessfullmektig, medan vi i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er partsrepresentant.

To av stemningane gjaldt vedtak frå Statens helsepersonellnemnd, medan den siste var ei Helfo-sak.

Fire rettssaker blei avslutta på helserettsområdet i fjor. Av desse var det ei førarkortsak, to Helfo-saker og ei helsepersonellsak.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring