Dine rettar og personvern

Du har krav på å bli informert om saksbehandlinga og personvern.

Dine rettar

  • Du har krav på å bli informert så snart me har motteke klagen din frå førsteinstans.
  • Me pliktar å rettleie deg i jusen, til dømes dine rettar og pliktar i forvaltninga.
  • Om me hentar inn nye opplysningar i saka, har du krav på å få uttale deg før vedtak.
  • Får du heilt eller delvis medhald i saka, kan du ha krav på å få dekt vesentlege kostnadar som har vært naudsynt for å endre vedtaket. Dette kan til dømes vere advokatutgifter.  

Personvern

Når me skal behandle saka, sender førsteinstans alle relevante dokumentar til Helseklage. Det hendar at me innhentar meir informasjon dersom det er naudsynt, til dømes journalar, stønadsdokumentar, medisinske rapportar eller sjølvmeldingar.

Det er strenge krav til korleis slike opplysningar samlast og behandlast. Saksbehandlarar og nemndsmedlem har teieplikt etter personopplysningsloven.

Du har òg innsynsrett i eigen sak, krav på å få informasjon om kva for opplysninger me har om deg og korleis me oppbevarar disse.

Sensitiv informasjon

E-post til oss er ein open kommunikasjonskanal, som ikkje tilfredstillar krava om sikker kommunikasjon, Me ber deg derfor om å ikkje sende helseopplysningar og anna personsensitiv informasjon til oss i e-post. 

Sist oppdatert:

Informasjonskapsler og personvern