Statens helsepersonellnemnd

Statens helsepersonellnemnd er ein uavhengig nemnd som gjer vedtak over klager på vedtak frå Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet

Statens helsepersonellnemnd (Helsepersonellnemnda) er ein uavhengig klagenemnd som behandlar klager frå helsepersonell over vedtak om avslag på søknad om autorisasjon og lisens gjort av Helsedirektoratet, over vedtak om administrative reaksjonar gjort av Statens helsetilsyn og vedtak om spesialistgodkjenning gjort av Helsedirektoratet.

Helseklage har i oppgåve å utgreie og førebu sakar for nemnda. Det er òg delegert ein fullmakt frå nemnda til Helseklage om å gjere vedtak i nokre sakar.

Helsepersonellnemnda eller Helseklage har ingen eigeinteresse i sakane sitt resultat, og klagebehandlinga er gratis.

Statens helsepersonellnemnd er eit organ med høg helsefagleg og juridisk kompetanse, og vert samansett av tre juristar, tre personar med helsefagleg bakgrunn og ein lekmann.

Statens helsepersonellnemnd er òg klageorgan for enkelte vedtak gjort av Statens legemiddelverk etter apotekloven, sjå Apotekklagenemnda.

Faste medlemmer:

  • Leder: Lagrettsdommer Rune Bård Hansen, Tønsberg
  • Nestleder: Tingrettsdommer Inger Bonnie Gjerde, Tromsø
  • Jurist: Advokat Siv Hallgren, Oslo
  • Psykolog: Ingunn Skre, Tromsø
  • Lege: Trond Egil Hansen, Bergen
  • Sykepleier: Øystein Kilander, Kristiansand
  • Legmedlem: Eva Opshaug, Narvik

Varamedlemmer:

  • Tingrettsdommer Inger Bonnie Gjerde, Tromsø (leder).
  • Jurist Heidi Talsethagen, Tomasjord (nestleder)
  • Advokat Rune Lium, Trondheim (jurist)
  • Rune Raudeberg, Bergen (psykolog)
  • Jon Lunde, Fredrikstad (lege)
  • Anita Lyssand, Bergen (sykepleier)
  • Mona Enstad, Oslo (legmedlem)
  • Magnar Aukrust, Oslo (legmedlem)

Sist oppdatert:

Informasjonskapsler og personvern