Avtalespesialistheimel

Klage på vedtak om avtalespesialistheimel gjort av regionale helseforetak.

Ynskjer du å klage på vedtak om tildeling av avtalespesialistheimel, må det setjast fram ein klage til det regionale helseforetak (RHF) som fatta vedtaket. Klagerett, høve og adressat står i vedtaksbrevet frå førsteinstans.

Det aktuelle RHF vil då på nytt gå gjennom klagen, og vurdere om vedtaket skal bli omgjort eller oppretthaldast. Oppretthaldast vedtaket blir det send til Helseklage for behandling.

Saksbehandlaren som får saka i Helseklage går på nytt gjennom saken, og hentar inn nye opplysningar dersom det er naudsynt for å vurdere saken.

Når Helseklage har gjort vedtak i saken, blir dette send til klagaren. Regler om teiesplikt gjeld.

Helseklages vedtak er endeleg, men kan tas inn for domstolane på vanleg vis. Dette vil vere forklart i vedtaksbrevet.

Saksbehandlinga i Helseklage fylgjer forvaltningsloven så langt den passar for behandling av klagesaker.

Sist oppdatert:

Informasjonskapsler og personvern