Saksbehandling

Søknad om løyve til preimplantasjonsdiagnostikk skal sendast til PGD-nemnda, ved Helseklage.

Søknad om løyve til preimplantasjonsdiagnostikk skal sendast til PGD-nemnda, ved Helseklage.

Før ein kan be om løyve frå nemnda skal paret ha motteke genetisk rettleiing. Rettleiinga skal opplyse om risiko med behandlinga, belastning for kvinna og sannsynlegheit for å lykkast med behandlinga, jf. bioteknologiloven § 2A-3.

Før løyve om PGD behandlast av nemnda skal det liggje føre ein avgjerd om at paret kan tilbydast assistert befruktning, jf. § 2A-7, jf. Ot.prp nr. 26 (2006-2007) avsnitt 4.7.3. 

Krav om befruktningsudyktigheit  gjeld ikkje her.

Løyveskjema og vedtakskjema finn du her.

Val av institusjon

Nemnda avgjer ved kva for ein institusjon i utlandet paret kan få behandling, jf. § 2A-6. Det går fram av Ot.prp. nr. 26 (2006-2007) avsnitt 4.10.3 at nemnda bør legge stor vekt på eventuelle innspel frå sjukehuset som hjelper paret.

Sekretariatet førebu saka for nemnda, og innhentar eventuelle nye opplysningar dersom dette er naudsynt. Nemnda avgjer søknaden på bakgrunn av dokument i saka.

Når nemnda har fatta vedtak i saka, sendast vedtaket til søkjarane. De vanlege reglane om teieplikt gjeld.

Saksbehandling i nemnda fylgjer av forvaltningsloven.

Meir om saksbehandling og PGD

I forskrift om preimplantasjonsdiagnostikknemnda finn ein reglar om nemndas saksbehandling.

Bioteknologinemnda har laga eit informasjonshefte om preimplantasjonsdiagnostikk. Her kan ein finne meir informasjon om kva PGD er, korleis det gjerast, når metoden kan brukast og kva for etiske problemstillingar som er knytt til bruk av metoden.

Sist oppdatert:

Informasjonskapsler og personvern