Helseklage tek i bruk digital postkasse

Helseklage har ei stund brukt digital postkasse for å sende brev til deg. Nå kan du òg sende brev til oss med din digital postkasse. 

Kva er ein digital postkasse?

Ein digital postkasse er ei sikker løysing for å få og oppbevare viktig post digitalt, slik som vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon. Helseklage kan ikkje bruke vanlig e-post til å sende slik informasjon. Skal du kunne få viktige brev frå Helseklage digitalt, må du ha digital postkasse.

Korleis sender du oss brev?

For å sende oss brev digitalt skriv du «Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten» i mottakarfeltet når du opprettar eit nytt brev. Ikkje bruk saksbehandlar sitt namn – då går brevet til saksbehandlaren sin private postkasse.

Du kan ikkje svare på motteke brev. Det finst ingen slik funksjon i dei digitale postkassene. Ønskjer du å svare må du opprette eit nytt brev til oss.

For at vi skal kunne opne brev med eventuelle vedlegg er du nøydd til å sende oss dokument i Word eller PDF-format.

Inntil vidare er det berre brukarar av Digipost som vi kan sende brev til. Vi arbeider med å få på plass ein løysning for e-Boks, slik at du kan velje kva for ein av dei to digitale postboksene du ønskjer å bruke.

Profesjonelle aktørar kan ikkje få post frå oss i digital postkasse

Profesjonelle aktørar, advokatar, Pasient- og brukarombod, Norsk Pasientforening og behandlingsplassar, kan foreløpig ikkje få post frå oss i digital postkasse.

Kva må du gjere for å sende og få digital post?

Du må sjølv opprette ein digital postkasse for å få post digitalt. Dokumenta du får tilsendt digitalt, blir lagra i den digitale postkassen som eit arkiv.

Du må ha ein elektronisk ID og bruke ID-porten for å lese post frå Helseklage i den digitale postkassen.

Reservasjon mot digital post

Dersom du vil vere sikker på å få viktige brev frå det offentlege på papir, må du reservere deg mot kommunikasjon på nett. Men dersom du aldri har brukt ein offentleg teneste på nett som krev innlogging via ID-porten, vil du fortsatt få posten din frå det offentlege på papir. Du treng da ikkje reservere deg.

Her kan du lese meir om digital postkasse, og kva dette betyr for deg.

Sist oppdatert:

Informasjonskapsler og personvern